I dag var AHIL, Florø og Høyang samla i Askvollhallen, og alle laga fekk 2 kampar kvar. Først ute var Florø - AHIL. Gutane våre fekk ikkje opp tempoet og forsvarsarbeidet var ikkje det beste. Det enda med tap med 2 mål, 19 - 17. Deretter var det Høyang - Florø sin tur der resultatet vart 16-19.
 
Eit eller anna skjedde i den lange pausen for AHIL. I kampen mot Høyang var det eit heilt anna AHIL - lag som kom på bana. Meir fart og sjølvsikkerheit, og betre forsvar. Vi vann 21-14.
 
Godt jobba av gutane våre og jentene Synne og Talina som vi lånte i dag :-)