Mot Førde i dag var dei rett og slett gode og vann 26-19.

Jentene spelte kollektivt i både forsvar og angrep. Dei køyrte ankomstar i høgt tempo og takla også Førde sitt offensive forsvar på ein god måte. Bak var heldigvis Tiril frisk nok til å stå i mål. Det gav tryggleik og fleire overgangar.

Ein heilgrøn dag i Askvollhallen med andre ord. Grøn power!

Takk til Egil Vårdal og Jan Erik Stenseth som dømde kampen.