I dag var det miniturnering i Askvoll. Jenter og gutar i alderen 6-8 år kosa seg med handball, sosialisering og godsaker frå kiosken. Det var full fart frå kl 11:00 til 17:30 - 6 timar med 2 kampar kvart kvarter - totalt blei det spelt 51 kampar!
Tommel opp for eit variert og fristande utvalg i kiosken, der var det definitivt noko for einkvar smak :-)
Tusen takk til alle lag, dommarar, trenarar, vakter, alle som stilte opp med bakst - og primus motor lagleiar Anna!
Heia dugnadsånda!
Heia AHIL !