J13 laget som stilte på turneringa besto av: 

Lilly Bruflot Hawkes
Alvina Nordstrand (keeper)
Ella Madeleine Mjåseth Kindblad
Emina Grimelid Hegrenes
Celina Flaten Vårdal
Hedda England

Laget havna i gruppe med Jotun, Stryn, Sogndal og Svelgen. Første kampen var mot Stryn og endte 1-1. Veldig likt mellom laga ettersom begge lag er flinke til å øydelegge alt form for lagspel og gjer kampen til ein kamp med mange 1mot1 duella. Vi slepper først inn eit mål, men kjempa oss tilbake, og Lilly scora med avslutning mellom beina på keeper.

Andre kampen endte 0-0 mot Sogndal etter ein kamp der begge lag kjempa for mål, men ballen nekta. Jentene viser i denne kampen at dei blir vanskelige å slå.

Etter dei første 2 kampane tenkte vi at vi treng ein seier mot Jotun for å komme til slutspelet, og startar kampen med eit mål om å gjere det lille ekstra for å gjere uavgjort om til seier. Dessverre når kampen kjem i gang så viser vi at vi har mista kriginga og fokuset vi hadde i dei to første kampane og tapte 6-0. Vi blei rundspelt av pasningspelet til Jotun som følgje av for stor avsatand til motstandaren. Jotun endte opp med å vinne heile turneringa med 1-0 i finalen mot Høyanger.

Siste kampen måtte vinnast for ein liten matematisk sjangs for å komme til slutspelet, men etter 2-0 seier så får vi høyre det ikkje har gått vår veg i dei andre kampane og turneringa er over for i år. Siste kampen har vi full kontroll gjennom heile kampen, og kunne fort scora fleire mål. Mål av Hedda og Emina. Emina scora først med skudd frå 4m frå venstre side. Hedda dribla 3 spelara, med kroppsfinter og overstegsfinter og lobber ballen over foten til keeper, flott scoring!

God innsats frå jentene. Dei viste profesjonalitet ,fokus og litenskap i turneringa, noko som gjorde det ektra kjekt for trenaren. Takk til Hedda som var med oss ettersom vi berre var 5 originalt.