Vi spelte 4 kampar der vi møtte Dale og Gaular to ganger. Det vart to jamne og tette kampar mot Dale og begge enda uavgjort. Først 0-0 og 1-1 i neste. Mot Gaular vart det to sigrar. Først 3-0 og så 2-0 i siste.

Dette var våre første 9’ar kampar og det var veldig kjekt at alle var med. Bak i dag hadde vi Maria, Elena, Johanna og Olivia. På midten spelte Sofie, Mali, Tiril, Tonje, Saga, Amalie og Karoline, og på topp hadde vi Arian. Bakerst stod Ingrid og gjorde ein kjempejobb i mål.

Strålande innsats av samtlege jenter. Ei kjekk turnering i Dale.