Først kamp var mot Høyang. Vi hadde ein litt dårleg start, og Høyang tok raskt leiinga. Etter kvart gjekk det betre, og ved pause var det ganske jamnt. I andre omgang rykte Høyang i frå igjen og leia 15-10 då det var 5 minutt igjen av kampen. Då vakna gjengen og fekk inn 5 mål på 5 minutt. Det enda altså 15-15 etter ein spennande avslutning på kampen!
 
Andre kampen var mot eit godt Florø-lag, og sjølv om vi i periodar spelte bra vart dei for sterke for oss og vann 19-23. 
 
Vi sakna Tøger i mål, men både Noah B og Noah U gjorde ein god jobb. Takk til Tobias og Jarand frå Dale som var med oss i dag.