Vi spelte to kampar i Florø laurdag og på sundag møtte vi Eid på Nordfjordeid.
I Florø vann vi mot Florø 2, men vi tapte mot Florø 1. Mot Eid vann vi klart.
Askvolljentene skårar mykje mål. I løpet av sesongen har vi putta langt over 300 gonger, men vi er litt for snille i forsvar og slepper inn for mange - trass i at keeperen vår er god!
I helga hadde vi difor fokus på forsvarsspel og særleg mot Florø 2 fekk vi til eit kollektivt forsvarsspel som var på høgde med det Florø har.
I tillegg er det kjekt at breidden i laget blir stadig betre. Fleire og fleire melder seg på både i angrep og forsvar.
Vi gler oss allereie til neste år.
Grøn power!