Over 80 spelarar i tillegg til føresette, søsken, lagleiarar og trenarar var samla for å feire sesongen 22/23. Det var full sal og god stemning! Festen starta med åpen kiosk, loppis og sal av årer, før åresalget starta. Mange jubla over å vinne fine gevinster, andre syns det var utgjort at dei ikkje vant nokosomhelst.

Etter meir kaker, brus og kaffi kom høydepunktet; premieutdeling til alle spelarar!

Sesongen 22/23 hadde vi 5 lag på mini (J6, G6, J7, G7, J8/G8). I serien stilte vi J9, J10, to G10, J13 og G13. I tillegg samarbeider vi med Dale Handball for å gje tilbod til ungdommen heilt opp på seniornivå. Denne sesongen hadde vi AHIL-spelarar på G14, G16 og juniorlag i regionserien, og Herrer 5 divisjon.

Festen blei avslutta med applaus og gåve til alle trenarane våre, utan dei - ingen handballtilbod for barna våre! Heia trenarane!

Til slutt ein stor takk til G13- og J13-spelarar som hjalp oss med opprigging og nedrigging :-)

Heia AHIL!