Etter tap mot Dale i forrige veke, var det ein kampklar gjeng som reiste til Førde. Det vart ein spennande kamp der Førde hadde mest press dei første 20 min. Vi kom betre og betre inn i kampen, og fekk fleire gode sjansar til å skåre. Olivia stod ein glimrande første omgang i mål. Førde gjekk til slutt opp i leiinga, men vi utlikna like etterpå etter flott spel og skot av Ingrid.

Andre omgang opna like forrykande, med sjansar begge vegar. Kampen endte til slutt 3-3.

Takk for kampen til Førde og til dommaren som dømte sin fyrste kamp og gjorde det bra.

Kampen vart så spennende at vi gløymde å ta bileter. Men vi fekk tatt eit bilete av den gode gjengen som vart henta av taxibåten kl. 21:25 og frakta vidare til Atløyna og Bulandet.