Jentene var spente i dag, kamptroppen var prega av mykje forfall. Ørjan måtte justere taktikken litt, siden vi spelte 9ar i staden for 11ar. Vi fekk låne Hedda og Tiril i dag. Dermed kunne vi spele 9ar med 2 innbyttera, det hjalp godt på i varmen.

Jentene jobba godt og har god kontroll, Anna blir nesten arbeidslaus i mål. Midtbana vår kjempa på og angrepsspelerane kjem seg til fleire sjangsar, men det skorta litt på avslutningene. Etter 18 min kjem Sonja til en sjangse og sette i kampens første mål. I pausen får jentene avkjølt seg litt og fylt på litt energi.

Andre omgang er ikkje gammel når Amelia sette inn AHILs andre mål. Forsvaret vårt består av Alvina, Emina, Celina, Ingeborg og Mille som rullera litt seg imellom. Dei gjer ein kjempejobb kampen gjennom, dei er på og jaga, går tøffe inn i alle duella, vinne ballen og får den fram. Bjørn/Hafslo-jentene jobba på, men dei kjem seg kun nokre få gangar forbi forsvarsrekka vår. På ein av dei sjangsane får dei seg ett mål.

Siste halvdel av andre omgang vise AHILjentene fram kor gode dei kan være når samspillet flyter godt. I løpet av få minutter setter Sonja inn tre på rad, flott spelt opp av hardt arbeidende Lilly og Amelia. Tiril og Hedda avløser jentene i angrepsposisjon, dei er på og bidreg til å legge press på sogningane.

Ein spennande og kjekk kamp i sola. Flott innsats av jentene i dag, vi gler oss til neste kamp som er allerede på onsdag.

Takk til kampvertar og dommera!