Det kom 9 lag for å spele i Askvoll. Så kjekt! 10 kampar vart spelt.

Jentene våre J9 hadde 2 kampar mot Eikefjord IL og Dale. Mot Eikefjord var vi litt bakpå, men mot Dale vart det ein veldig jevn og spennande kamp :-)

Jentene har hatt stor fremgang i spelet sitt, spesielt i forsvar er dei gode. Men også mykje bra å sjå i angrepsspelet.

Gøril hadde ansvaret for jentene i dag, og ho har full kontroll! Dei har det veldig kjekt i lag og heier kvarandre fram!

Takk til dommargjengen:

Synne & Talina, Ella & Hedda - med Tor Egil som stødig sjef!

Takk til Nanna og Trude som hjalp til i kiosken!

Kiosken hadde mykje godt, og der var bra trafikk. Folk kosa seg i hallen!

Tusen takk til alle som hjalp til i dag. Det var ein kjekk handballdag både på bana og tribuna.

Heia AHIL!