Jentene stilte litt ekstra gira i dag, etter et surt tap for Dale i ein treningskamp i vår. No skulle dei ha revansj. 

Fyste målet blei AHIL sitt, men dalingane utlikna. Så kom Dale sin spydspiss seg nok ein gong og sendte heimlaget opp i leiinga.

Men så fant jentene flyten, og før 1 omgang var ferdig stod det 2-3. Jentene viste seg nok ein gong fra si beste side. I andre omgang var det ingen tvil om kven det beste laget var i dag. Forsvaret jobba godt, samarbeida godt med kverandre og midtbana, og kun eit fåtall gonger slepp Dale gjennom. Jentene vinner duella og får ballen fram til målhungrige angripera. Måla kjem som perler på ei snor for jentene våre i dag.

Måla i dag vart satt inn av: Sonja (5), Amelia (3) og Lisa (1).

Resultatet av godt lagspel blir til slutt 3-9 på Dingemoen idrettspark i øspøs vær. Takk til heiagjengen på tribuna!