Jentene reiste onsdag til Førde og møtte nok ein sterk motstandar.
Kampen gjekk på lita bane, so det vart lite av springing og lange skudd som vi no har byrja å venne oss til. Førde gjekk hardt på, men jentene forsvarte seg so godt dei kunne og fekk inn eit par mål. (Kva stillinga vart til slutt er usikkert.)
Kalde og våte, og utan tilgong på garderobe, vart det ikkje noko av det vanlege lagbildet og heiaropet etter kampen, men vi kjem sterkare tilbake neste gong.