Keeperløftet Sunnfjord er ei satsing for keeparar, både kommande og etablerte, i regionen vår. Det skal vere eit tilbod til alle i regionen, uavhengig av fotballklubb og vil kome i tillegg til dei treningane ein allereie har i frå før. Keeperløftet Sunnfjord ynskjer å skape den beste lærings- og utviklingsarenaen for keeparar, samt etablere eit godt keepermiljø på tvers av ulike klubbar og med samarbeid med NFF Sogn og Fjordane. For å lese meir om dette, sjekk ut: https://anga-fk.no/keeperloftet/
Frå AHIL deltok to keeparar; Anna Saltskår Gjervik og Ingrid Oline Stenseth-Langeland. Anna deltok i gruppa 14 år og oppover og Ingrid Oline deltok i gruppa 10-13år. Begge synast dette var kjekt og at det var eit bra opplegg med mange gode øvingar.