Vi var rett og slett gode i alle ledd og klarte å halde trykket og spelte gode angrep så sigeren var veldig fortjent. Vi har god kontroll i forsvaret med Felix som midtstopper og Tim, Alfred og Lucas som backer. På topp veksla Eirik og Jaden på å spele. På midtbana spelte Åsmund, Hedda, William, Aksel, Dialo og Jonathan. I mål står Jakub og han stenger målet.

Måla scora William 4, Åsmund, Dialo 2, Jonathan 2 og Jakub på straffe.

Vi klarer idag å stenge Førde oppe med å gå på frå utspelet frå deira keeper og skaper mykje av god aggressivitet. William, Dialo, Aksel og Jonathan er flinke til å utfordre på fart og får gode ballar å jobbe med. Åsmund og Hedda jobbar sentralt på midten og fordeler ballar ut. Heilt på topp er Eirik og Jaden flinke til å krige om ballen og skape rom. I forsvaret så er Felix ein klippe og saman med backane så blir det veldig solid med ein Jakub som tek det som kjem.

I sum så er dette faktisk heilt klart årsbeste og motstanderen får i følgje treneren sitt første tap! Så heia samarbeidslaget!