Vi fikk besøk av den flotte naboklubben Fure.
Kampen starta ganske jamnt, uten eit synlig overtak til nokon av laga. Askvoll tok litt meir over, men fikk ikkje skapt dei store kjangsane. Fure skora fyst på ein corner. Etter skoringa var det Fure som tok meir tak i kampen, og pressa oss lavare i bana. 2-0 til Fure kom på eit vakkert frispark.
Resten av omgangen var ganske jamnspelt uten at nokon av laga skapte dei store kjangsane. Så det stod 2-0 til Fure ved pause.
Vi bestemte oss for å flytte opp laget meir i andre omgang, og sette inn presset tidligare. Dette fungerte bra, og vi fekk lagt meir press på Fure, men igjen uten å skape dei største målsjangsane. Men det snudde når Leander kom inn og stakk igjennom på eit flott gjennomspel, og han iskald sette inn redusering til 2-1.
Etter dette styrte vi kampen, og kom til fleire gode kjangsa, som fort kunne gitt oss poeng. Men kampen ebba ut med 2-1 seier til Fure.
Alt i alt var det mykje positivt å ta med seg. Laget stod på og jobba godt gjennom heile kampen.
Takk til Fure for ein fin kamp!