Ein svært spennande kamp frå første spark med to gode og jamne lag som begge ville vinne.

Førde kom godt i gang og vi vart pressa bakover. Men AHIL jentene stod imot og vi fekk meir og meir tru på eige spel og byrja å skape sjansar. Det var ikkje ufortjent når Karoline kom inn og skåra. 1-0 til pause.

I andre omgang kom vi godt i gang. Jentene fekk til mange gode kombinasjonar framover på bana. Dette gav uttelling og vi fekk to nye mål av Mali og Tonje. Lufta gjekk litt ut av Førde og vi fortsatte å skape fleire sjansar utan å få fleire mål. Førde jobba seg litt inn igjen i kampen og hadde ein i tverrligger og fekk ei redusering på slutten av kampen, men det vart aldri farleg og vi vinn 3-1 til slutt.

Årsbeste av jentene. Imponerande innsats av samtlege og fantastisk forsvarsspel.

Takk til dommertrioen Synne, Mats og Lone for solid dømming!