Då Egil Vårdal blas til pause, stod det 4-1 til Fure.

Ivan brukte pausen godt, og karane gjorde som dei hadde blitt einig om i pausen, og ikkje lenge etter stod det 4-3. Diverre var det tøft for våre 11 spelarar mot eit godt Fure-lag som brukte innbytterane smart. Stillinga var 9-4 ved full tid.

Vi kjem ikkje utanom å nemne Joachim Rakneberg, som dunkar 3 ballar i nota idag! Han er er eit fantastisk angrepsvåpen for oss. Sindre Wik Tønder hadde óg ein fantastisk prestasjon kor han dreg av to Fure-spelarar og smell til frå 25 meter og ballen går i mål utagbart for keeper.

Til slutt må vi nemne David Fedøy som debuterte i mål for AHIL idag. Han hadde mange gode prestasjonar og innvolveringer, og det syntes absolutt ikkje på han at dette var første kamp på seniornivå.