På motsatt halvdel stod Førde og gutane var spent på korleis dette ville gå.

At laget ikkje er vant til full banestorleik og 11ar kom klart til syne frå starten av. Kantane vår blei for offensive noko som gjorde at Leander og Peter fekk da tidvis rimelig travelt, men dei løyste oppgåva godt, og midtstopparane Sander og Adrian hadde god kontroll i midtforsvaret! 

Vår sentrale midtbane blei spelt litt låge i starten og hadde vanskar med å finne kvarandre, men dette betra seg velsig utover i kampen. Førde gjekk opp til 1-0 etter at Sander var uheldig å handse i eiget felt. Sivert satte inn 1-1 etter at Alve spelte Arin gjennom på kant so slo inn framfor mål der Sivert hadde kjempa seg fri.

Vi hadde ein del gode sjansar som med litt mer erfaring og trening blir omsett i mål. Førde fekk eit lettkjøpt mål heilt på slutten, noko vi burde avverga, men det blei 2-1 til slutt.

Alt i alt spelte gutane ein god kamp og sto på heile kampen. Dette lovar godt for sesongen!

Laget: David, Leander, Sander, Adrian, Peter, Arin, Heine, Alve, Håkon, Lukas, Sivert, Sigur, Olivier, Elias, Håvar E.