Endeleg er sesongen i gang og i kveld var det G17-laget vårt som kunne ønske Høyang velkommen til kamp på Skuleidrettsplassen.
Vi mønstra eit spendt lag som gjekk på bana og gutane våre bar virkeleg preg av premiere-nervar første minuttane. Etter kvart kom vi meir og meir med i kampen. Vi gjorde som vi avtalte, spelte ballen i laget og trøkka til i duellane og etterkvart kom sjansane. Etter ca 10 minutt blei Sander spelt flott gjennom i bakrom og kjempa seg forbi forsvaret før han trilla ballen forbi keeper, og vi leda 1-0. Dette gav meirsmak og gutane hadde no bra kontroll på kampen.
Etter ca 25 minutt blei Sander på nytt spelt igjennom og eine Høyang-stopparen hadde ikkje anna valg enn å legge han i bakken. AHIL fekk då straffe, som Sander sette sikkert i mål (sjå video). Resten av omgangen hadde vi god kontroll og gjekk til pause med ei 2-0 leiing.
I andre omgang la Høyang om litt og tok over kommandoen i kampen. Det gjekk ikkje mange minuttar før ein av Høyang sine spelarar fekk klokketreff og banka eit langskudd i mål bak ein sjanselaus Robin til 2-1. Høyang festa då grepet og vi blei springande mykje i mellom utan å få til noko særlig av eige spel. 2-2 kom etter ca 60 minutt og i staden for å gi opp, kjempa vi oss tilbake i kampen. På slutten av kampen var det sjansar begge vegar og kampen kunne bikka begge vegar, men det enda 2-2.
Ein god start på sesongen for gutane våre som gjennomførte ein solid innsats i første kamp. Ein ekstra takk til Sirin og Hedda som alltid stiller opp når vi treng litt hjelp.
Stor takk og til dommartrioen Egil, Hanna og Vilde som nok ein gang gjennomførte ein solid kamp.
Heia AHIL!