AHIL starta kampen med godt grunnspel og fekk ein god start.

Dale fekk etter kvart til ein del avslutningar etter sterkt press. Det meste av Dale sine forsøk vart godt løyst av ei bekkrekka til AHIL som fungerte svært godt. AHIL spelte seg og til fleire gode avslutningar som fort kunne ha resultert i leiinga. I staden vart det Dale som ordna dette. Dei fekk til eit godt angrep med fart og vilje til å vinne duellar nær Askvoll målet. Etter dette kom ein periode med bra spel og mange gode sjangsar til AHIL, men dessverre utan teljande resultat. I staden for utlikning kom Dale med nytt mål til 2-0. Dette kom om lag på same måte som det første målet. Slik bølga spelet fram og tilbake.

Mot slutten av omgangen fekk Dale rulla på ny. Dei fekk til ein stor sjangse som vart avverga av ein god AHIL keeperen. I staden for 3-0 kom ei rask AHIL kontring som enda med eit godt skudd. Dermed kom  ei fortent redusering til 2-1. Målet gjorde til at AHIL tok over kampen og presset vart stort mot Dale målet. Utlikninga kom til slutt nærmast på overtid slik at stillinga ved pause var 2-2 .

Ein god og spennande første omgang frå frå både Dale og AHIL.

Andre omgang starta enda betre for AHIL. Laget kom raskt fram med godt grunnspel. Etter ein del smarte kombinasjonar på høgrekanten vart vingen til AHIL spelt fri og sette ballen i hjørne og leiing til AHIL for første gang i kampen. Gleda vart kortvarig – om lag  ½ minutt før Dale hadde kvittert og stillinga var 3-3. I sluttfasen av kampen klarte ikkje AHIL heilt å svare opp Dale sitt tempo. Når dei fekk  nokre raske mål som oppstod i mellomrom mellom keeper og bekklinje vart det tungt for AHIL å komme tilbake. Kampen enda 8-4 til Dale.

Kampen hadde 2 gule kort, eit til kvart av laga, eit for armbruk eit for stempling.

God dommar leda kampen på ein svært god måte.

Ein sterk heimesiger 8-4 til Dale som var det beste laget vurdert ut få ein god 2 omgang. 

AHIL viste veldig godt spel i 45-50 minutt. Dette tek vi med vidare i dei neste kampane som vi har i vårsesongen.

 

NB - bilde fra tidlegare i vinter.