Etter mange tette kampar og fleire 1-målstap fekk gutta betalt for trening og innsats, når dei i ein svært spennande kamp mot Åsane endelig gjekk av med seieren! 

Neste kamp mot Åsane 2 var forventa å bli tøffare, då Åsane 2 ligg høgt på tabellen. Men gutta spelte kanskje sin beste kamp for sesongen, og var i ledelsen i fleire periodar. På slutten tok kreftene litt slutt, og Åsane drog i land ein 3-mål seier. Imponerande av gutane våre å gje Åsane 2 så god motstand! For ein framgang gjennom sesongen.

To svært spennande kampar i dag - totalt 50 mål - fleire vil det bli i Fjalerhallen i morgon. Møt opp for sesongens siste G16-kamp.

Heia Dale/AHIL!