Kampen starta om lag som forventa. Det vart stillingskrig der ingen av laga produserte store sjanger dei første minuttane. Etter kvart starta Florø laget å presentere seg. Dei kjente til AHIL laget og hadde ein klar plan for kva som måtte til. Kombinasjonen med sterk midtbane med presise gjennomspel vart ofte omsett til mål av ein rask og ballsikker spiss. Florø spissen kom gjennom forsvaret og AHIL vart straffa fleire gangar med å ligge litt høgt med bekkrekka. Resultatet vart 0-1,

0-2, 0-3, 0-4 og 0-5. På slutten av første omgangen klarte AHIL å ligge med betre ballanse og fekk til eit vist press mot Florø laget. Til tross for godt spel og fleire sjansar i denne perioden vart det dessverre ikkje noko mål for AHIL i første omgangen. Fortent og sterk Florø leiing etter første omgang.

AHIL brukte pausa godt. Mindre justeringar gav klare resultat i andre omgangen. No var AHIL-lage det beste lage. Heimelaget viste at dei hadde største vilje og produserte mange gode sjansar gjennom heile 2 omgangen. Likevel var ikkje Florø heilt ufarlige. Dei forsøkte å produsere sjansar, ofte med same oppskrift som i første omgangen. Dette vart imidlertid effektivt stoppa av eit godt forsvar og ikkje minst ein god AHIL keeper. God innsats frå heile AHIL laget resulterte i 5-1, 5-2 og 5-3.

Begge laga hadde kvar sin omgang. AHIL hadde eit vanskeleg utgangspunkt etter første omgangen med 0-5. Det å reise seg å komme tilbake med eit 3-5 tap viser sterk lag moral.

Mot Dale hadde AHIL ein svært god første omgang. Mot Florø ein sterk andre omgang. Om det skal bli poeng i neste heimekamp mot Førde (03.05.22 kl. 19.00), må AHIL-laget gjennomføre ein heil kamp på det nivå som laget viste i 2 omgangen mot Florø.

I mangel på nytt bilde brukar vi gammalt bilde.