Hareide har spelt for Molde, Norwich og Manchester City og har 50 landskampar for Noreg.
Han har tatt seriegull med Helsingborg, Brøndøy og Rosenborg, han har vunnet cupgull med Molde, Helsingborg og Rosenborg og han har tatt Malmø til Champions League.

Fra 2003 til 2008 var han trenar for det norske landslaget, og fra 2015 til 2020 trente han det danske landslaget.

Hareide har blitt kåra til årets trenar i Allsvenskan (Sverige) 2014, årets danske trenar 2018 og 2020, tildelt Kniksens hederspris i 2017 og utnevnt til ridder av Danebrogsordenen av Dronning Margrethe av Danmark.

I perioden hans som dansk landslagssjef leia han Danmark til VM i Russland i 2018 ved å slå ut Irland i playoff etter 0-0 i Parken og deretter 5-1 på bortebane. I VM kom Danmark til åttendelsfinalen, og den seinare finalisten Kroatia, trengte straffesparkkonkurranse for å gå vidare mot Hareide sitt Danmark.

Det er ein stor fotballpersonligheit vi får på besøk til klubben, og vi er svært glade og audmjuke for dette.

Highlights under klubbesøket:

Onsdag 11 mai: Fra kl 18.00 i Foajeen på Askvoll Skule. Seminar for sponsorane og trenarar, lagleiarar og dommere i AHIL Fotball. "Team Work - leiing og korleis oppnå resultat. Dette seminaret har han haldt for sponsorane til det danske fotballforbund tidlegare. Invitasjon til dei aktuelle sendt på mail.

Torsdag 12 mai: Besøk på Skuleidrettsplassen medan 6-9 åringene har miniputtrening. Fra kl 19.00 tar han treningsøkta med J15-laget vårt. Vi blir ikkje overasska om TV2 tek turen for å dokumentere dette. Kven veit kva som skjer om det blir full klaff mellom Åge og J15 laget vårt :)

Fredag 13 mai: Fra klokka 18.00 i Askvoll Samfunnshus kor han fortel fra karriera sin frå han han byrja å spele fotball for Hareide, og heilt fram til han gav seg som trenar for Rosenborg ved nyttår 2021. Her er det mogleg stille spørsmål til Åge, samt ta bilde med han og få autograf.

Vi håpar vi ser deg i samfunnshuset kl 18.00 fredags kveld. Gratis inngang, og J13 arrangerer kiosk med inntekt for Norway Cup. For at vi skal ha litt kontroll over antal gjester, ber vi deg registrere besøket via denne linken.

Eit komplett referat av besøket kjem i etterkant.

Vi håpar du gleder deg like mykje som vi gjer!