Ørjan og Tale mønstra følgjande speletropp til dagens kamp: 

Anna Saltskår, Ingeborg Bontveit, Sigrid Haug, Ella Mjåseth, Amelia Sroga, June Mari og Jenny Kristin Selvik, Lisa Gjervik, Emina Hegrenes, Mille Rivedal, Trude Olset og Sonja Waagane.

Vi var klar over at dette kom til å bli ein tøff og jamn kamp. Kaupanger er eit godt lag, men vi har sjølv gode kvaliteter i laget.

Til pause stod det 2-1 til oss og vi følte vi hadde god kontroll på banespelet, men Kaupanger kjempa godt og stod på. Ved full tid hadde diverre Kaupanger hadde bra uttelling i andre omgang, og stillinga blei 2-3 til Kaupangerjentene.

Det var mykje stang ut for oss i denne kampen, medan Kaupanger var effektive og fekk uttelling på dei fleste av sjansane sine. Vi tek med oss god læring frå denne kampen og ser fram til neste fredag, då måter vi same laget i Kaupanger for returoppgjeret. Med meir spel i lengderetninga, litt meir fart og trøkk og litt meir kynisme så håpar vi på siger då.

AHIL måla var det Ingeborg og Sonja som satte.

Takk til den flotte gjengen frå Kaupanger som tok turen ut til oss, og takk til Helge Follevåg som stilte som dommar. Det var solid dømming frå første stund!

Alt i alt kom var det ein godt gjennomført første kamp for sesongen, og vi er viss på at første sigeren ikkje er langt unda!

Neste kamp for J13 er ved 9ar laget, borte mot Førde på mandag.