Dette var dei brente-sjansars kamp, utallige 100% sjansar vart redda av ein god Førdemålvakt eller strauk like utan for stolpen.  Det var ingen velspelt kamp, pasnigane nådde ikkje fram, men stoppa som regel i eit Førde bein.
Angrepa som Førde hadde, blei sprunge opp av ein god Adrian eller Haldor.  Heimelaget låg lavt i bana og forsvarte seg godt. Etter første omgang burde vi putta fleire gonger, men det ville seg ikkje. Gjennom denne omgangen virka litt stressa, og fekk ikkje ro på spelet. Kun i perioder gjekk ballen innad i laget slik den skal, og vi spelte oss til sjansar. Første omgang enda 0-0.
 
I andre omgang var Førde knapt over midten. Vi pressa Førde bakover gjennom heile omgangen, men fekk ikkje uttelling tross mange store sjansar. Så skjer det som ofte skjer i slike kampar. Førde får ballen og etter ei uheldig avklaring, som set David i ein vanskleg situasjon der han ikkje får avklart, set Førde inn 1-0 mot spelets gang.
 
Adrian er misfornøyd med dommaren si avgjersle og gjer beskjed om det, noko som endar med gult kort og dermed 5 min.
Trenaren må beklage kjeftinga, men spelaren blir frustrert når han veit dei kan så mykje betre. 
 
Her er det berre å brette opp erma og stå på vidare!