Det var ein spend gjeng som reiste til Eid for den fyrste seriekampen. Vi reiste i god tid, for å få den lange bilturen ut av beina før kampen. Vi hadde med oss ein på 11 år, og 4 på 12 i møte med eit reint 13års lag.

Allereie under oppvarming merka trenaren at noko var på gang. Gutane starta og leia si eiga oppvarming, dei snakka om korleis dei skulle løyse oppgåvene, og var positive heile veien.

Det positive tok dei med seg inn i kampen, der vi satt Eid under press frå start. Etter ein velspelt fyrste omgang, der AHIL viste mykje flott spel, gjekk vi til pause med leiing 1-2. 

Gutane fortsatte i andre omgang med stor innsats, mykje flott spel, og ein keeper som kom med fleire gode redningar. Eid reduserer til 2-2 før vi igjen aukar til ein fortjent 2-3 ledelse. Utover i andre omgang kjem Eid litt meir med i kampen, og litt ufortjent etter spel og sjangsar vinn dei 5-3. 

Ein meget god kamp av gutane frå AHIL