Ein ny langtur denne søndagen, og kamp i Loen. Det vart ikkje heilt same intensiteten på oppvarminga denne dagen, som det var mot Eid. Men ein liten og god prat før kamp, skulle vise seg å hjelpe på litt smånervøse gutar.

Vi møtte eit heiltent Loen lag, som ikkje lot seg stresse av at vi pressa høgt, og hadde 4-5 skudd på mål som keeper redda meisterleg. Loen hadde og sine angrep dei fyrste minuttane, og kampen bølga litt fram og tilbake før dei satte inn 1-0 og 2-0. 
No fekk spelarane kun beskjed om å hugse kva vi snakka om før kampen. Etter det såg vi oss aldri tilbake. Veldig mykje fint spel, og angrep etter angrep blei rulla opp. Eit av måla kom etter at samtlege spelarar hadde vore involvert både ein og to gongar utan at Loen var nær å stoppe oss. Kjekt å sjå at treningane med mykje spel, gjev resultat.

Ein god tur og flott opplevelse for gutane