Første kampen for sesongen for 9ar laget til J13 var borte mot Førde 2.

Laga var veldig jamne i begge omgangene, og begge lag fekk styre banespelet kvar sine periodar. Første omgang var 10 minuttar gammal då Førde 2 fekk inn første målet, og 2-0 kom tidleg i andre omgang av same jenta som skåra første.10 minutt før slutt banka Amelia ballen kontant i mål frå midtbana, det kjem til å gå lang tid før ho skårar eit like fint mål igjen!

Rett før slutt har vi mange sjansar til å utlikne, den største ved ei hardtarbeidande Sonja som er nær med å tråkle seg gjennom Førdeforsvaret, men dei får blokkert skotforsøket hennar i siste liten. Her var vi utrulig nær 2-2.

2-1 var stillinga då ein god dommar blas for full tid, og nok ein jamn spanande kamp mot Førde som diverre bikka deira veg. 

Neste kamp for 9ar laget til J13 er søndag 8 mai kl 1300 mot Eid i Askvoll, men først skal 7ar laget til Kaupanger 6 mai for å prøve revansjere tapet fra laurdagen.