Vi stilte mannsterke i dag i lokaloppgjeret mot Dale 2, noko vi var viss på var naudsynt etter kampen mot Hyllestad kor vi verkeleg fekk kjenne saknet etter fleire friske bein å sette innpå.

Etter 36 min scora Ruben Loftheim 1-0, men Dale hadde spelarar med gode skotføtter idag. 2 gongar rett før pause fekk dei ballen forbi Robin Solheim-Rørvik, og 1-2 til pause.

Vi hang tidvis veldig godt med i kampen og hadde vore stunder der vi pressa og øydela for Dale, men at vi er eit dårleg trent, og samspelt lag kom diverre til syne også i denne kampen. Ikkje hjelp det når Robert Landøy og Ørjan Haugstad får smellar og må gje seg tidleg. Vi kjempar godt på midtbana så lenge kreftene held, men etter kvar blir vi springande mellom å jage.

Midtvegs i andre omgang går Dale opp til 1-3, og kampen er over. Dale med 3 gule kort, og AHIL får eit.

Forsvaret vårt gjorde ein veldig god figur idag, anført av Ruben Jackobsen som truleg var AHIL sin bestemann. Vi har og med mange unge spelarar fra G17 laget som spring og jobbar utretteleg!

Dale 2, anført av keeper og kaptein Sigrid Felde, dreg i land ein grei siger mot oss i kveld. Vi må trene meir og tru vi orkar stå lenger i kampen i returoppgjeret til hausten. 

Takk for kampen Dale, og takk til J13 som sporty stilte opp og arrangerte kiosk på kort varsel.

Knitlotteriet, kor ein flott Mândra kniv fra Helle Fabrikker var premien, vart vunnet av Ada L. Helle.