Etter ein sterk kamp mot Høyang for 2 veker sidan var det ein heiltent gjeng som gjekk på bana. Florø mønstra som forventa eit godt og teknisk lag, og tok kjapt kontrollen over kampen. Vi blei springande mykje etter ball og Florø skapte sjansane. Etter 20 min kom 0-1 på straffe. Etter dette kom vi oss meir med i kampen og begynte å skape sjansar. Etter 30 min kjempa vi inn 1-1 ved Iben. I pausen blei vi einige om å presse meir som eit lag og stenge romma som i 1. omg blei for store. Dette fekk vi ikkje heilt til, men gutane kjempa godt. Men Florø fekk 1-2 før det var vår tur til å få straffe, som Sander satte trygt i mål til 2-2. Resten av omgangen var prega av mykje kjemping om ball og lite fint spel, men begge lag hadde store sjansar. Florø fekk to straffer i 2. omgang, men begge gjekk utanfor/ i tverrliggaren. Ahil sleit med tunge bein på slutten, noko som førte til to utvisningar + mange bytter, men vi sto i mot og må sei oss fornøgde med uavgjort 2-2 i dag.

Heia AHIL!