Vi møtte tidleg opp i Kaupanger og jentene virka veldig klare på korleis vi skulle tukte dagens motstander! Kaupanger spelar også i dei flotte grøne fargane, og idag var det vi som stilte med vestar..

Vi blei samde om å køyre ein 2-3-1 formasjon fra starten, med Anna i mål, Ingeborg og Trude i forsvar, Amelia, Talina og Sonja på modt og Emina på spiss. Spissen si oppgåve var å springe fletta av Kaupanger-forsvaret og slite dei ut, og når Emina var tom så var Ella og Jenny Kristin klar til å ta over. Vi visste at Kaupanger var eit godt lag, så vi var klar på at vi måtte avslutte angrepa våre og unngå å få brudd i mot medan vi var på veg fram. Forsvaret hadde fekk beskjed om å spele enkelt.

Dei første fem minuttane av kampen var nokså prega av nervøst spel frå begge lag, med unøyaktige avleveringar, kjemping på midten og klarering fra forsvaret. Så byrja vi å få strekk i laget, og vi fekk ta i bruk banearealet betre. Etter omlag 7 minutt spelte Amelia ein flott stikkar til Emina som set på turboen. Ho rasar frå Kaupangerforsvaret og set inn 0-1 på ein veldig rolig og kontrollert måte! Dette lovde godt!

Jentene fekk lågare skuldre og slappa meir av, og dette utnytta Kaupanger seg av til dei grader. Ved eit høve dobla dei på venstrevingen deira, og spelte seg gjennom forsvaret vårt og sendte avgårde ein susar nede mot stolperota. Det som i dei aller fleste kampar ville blitt mål, blei ikkje mål med det første, for vi har ei fantastisk Anna som keeper. Ho låg langflat og redda, dessverre blei det retur som spratt ut igjen og traff Kaupanger spelaren i hovudet og i mål. 1-1. 

Kampen returnerte då til ein krige-kamp igjen kor ingen av laga heilt klarte sette sitt preg på kampen. Både Talina, Emina, Sonja og Amelia hadde store sjansar til å sette ballen i mål, men anten blei den redda av ein god Kaupanger-keeper, eller så suste ballen rett utanfor målet. Med litt is i magen her, så hadde vi tatt leiinga.

Kaupanger hadde også sine sjanser, men anten var det og rett utanfor, rett i nevane på Anna eller så rydda forsvarsjentene Trude, Alvina, Ingeborg og Celina opp. 10 min før pause kriga Kaupanger seg gjennom midtbana vår og igjen dobla mot back, spelte seg fint gjennom og la ut 45 kor ein spelar venta og dunka ballen imål. 2-1. Dette stod seg til pause.

Jentene var klar på dei ønskte skifte til 3-2-1 formasjon etter pausen . Vi trakk og Amelia ned på back for å prøve ta ut ein Kaupanger-rakett på vingen.

Vi hadde i realiteten ein mindre i angrep med denne formasjonen, men likevel fungerte angrepsspelet betre. Backene var flinke følge med opp i støtte og jentene fekk meir dreis på trekantspelet vårt, kontra det å løpe med ballen sjølv. Eit Kaupanger-angrep kor Ingenborg spelte ut på back til Celina og vidare opp i mot til Sonja, Emina og Talina endte med eit flott mål av Talina. 2-2.

Kreftene på midten byrja tære på, så Weronika tok plass på venstre/sentral midt. Og ho var ikkje før komt innpå før det var 2-3 til AHIL, også dette av Talina. Weronika spelte nok sin beste kamp nokon sinne idag. Ho sprang utrøytteleg og kjempa hardt i forsvar og rett etter var ho sterkt delaktiv i angrepssppelet vårt også. Med den innsatsen ho la ned og den fighter-spiriten ho viste, så var ho AHIL sin beste spelar idag. Sonja hadde også mange flotte raid på midtbana ned mot dødlinja for å slå inn foran mål, men det blei berre nesten. Kaupanger var klar over kvalitetene til Sonja og hadde straks to jenter i duell med ho.

På stillinga 2-3 hadde AHIL kontroll, og vi blei kanskje litt feig på slutten for å ikkje få for mykje strekk i laget. Dette gjorde at det blei litt trangt på midten, og igjen blei det ein kringeperiode heilt på tampen av kampen. Kaupanger får ballen og slår den blindt mot spissen deira som er god og får ballen med seg i duell med forsvaret vårt. Anna gjer seg så stor ho berre kan, men den blir plassert utagbart heilt ute med stolpen. 3-3.

Vi "hiv" innpå dei med mest energi for å prøve å ta ein sluttspurt, men vi rekk ikkje fullføre bytta våre før dommaren bles for full tild.

Det var grått og vått i Kaupanger idag, men dei hadde fått til ei god atmosfære! Spelarane fekk frukt i pausen, trenarar og vaksne fekk kaffe. Kampvertane tok initiativ til Fair Play samtale mellom trenarar og dommar før kampen. Heilt etter boka, og toppscore til Kaupanger for dette! Dei har eit kjekt lag og eit kjekt støtteapparat rundt laget. Vi kjem gjerne til Kaupanger igjen for fleire kampar!

Neste kamp for 7ar laget er laurdag 14 mai mot Breimsbygda kl 14.00 på Skuleidrettsplassen!