Dagens motstander hadde feia Gaular av bana med 20-2 i første kampen deira, og i neste kamp slo dei Førde 1 4-1, så det var ingen tvil om at det var eit godt lag vi møtte idag.

Jentene møtte i god tid før kamp for spelarmøte med Ørjan kor ny formasjon for dagen blei presentert, og tankane bak denne. Mykje av den taktiske skuleringa vi prøvar vidareformidle jentene byrjar sitte, og dei involverte seg godt i den taktiske førebuinga til denne kampen. Alle var vi samde om at måla vi slepper inn heilt i starten i kvar kamp, eller heilt i sluttminuttene er fordi vi ikkje er påskrudd fra start, eller fordi vi avsluttar kampen mentalt for tidleg. Dette var eit av fokusområda idag.

Vi fekk god tid før kampen til oppvarming, og ein gjeng fra G13 kom og varma opp Anna i mål.

Erik var hovuddommar og hadde med seg Sirin og Synne på linja.

Etter at laga hadde helst på kvarandre, set Erik spelet i gang. Begge lag trøkker til i duellane, men det er utrulig mykje positiv spel sett med AHIL auge. Jentene forheld seg til kampplan, og er strukturerte i posisjoneringane. Eid prøvar få ballen ut på ving, og etter 5 min lukkas dei og kjem forbi backen vår og slår inn foran mål kor Rye står på bakre og har ein lett jobb med å sette den bak Anna. Denne var utrulig lei å få i fjeset med tanke på kor bra dei første 5 hadde vore, men jentene beit tenna sammen og oppmuntra kvarandre til å halde fram male på!

Vi tek meir og meir over duellspelet, og Eid-jentene verka stressa over å alltid ha ei AHIL-jente som forstyrra dei. Dialogen mellom Eid-benken og spelarane vitnar og om at AHIL-jentene gjorde ein god jobb utpå bana.

Jentene spring sokkane av seg er oppi kvar ein duell, sidan det kun var 3 i forsvar- og midtbaneledd så var måtte laget sideforskyve ofte for å dekke rom, noke jentene løyste utmerka! Amelia som var dagens kaptein var flink å posisjonere forsvaret rett i forhold til press og avstand til midtbane. På back hadde ho med seg Celina og Alvina som rullerte med Ingeborg og Victoria etter kvart. Farten til Amelia var gull å ha bak idag når Eid utfordra til løpeduell.

På midtbana kriga Weronika, Talina, Lisa heroisk og lot ikkje Eid få fred eit sekund. Dei visste at Lilly og Sonja på topp låg å luska på offside-streken og var klar til å få ball i bakrom. Dette presset kosta og etterkvart sletne spelarar skifta med June Mari og Emina som haldt fram med å mørne Eid-spelarane.

Etter 20 minutt og etter mange gode ballgjenvinningar på midten, kjem Sonja i møte og får ball. Ho snur opp og utfordrar Eid-stopparen veldig overbevisande, og Eid-stopparen kjempar så godt ho kan etter Sonja som er på veg mot mål, men Sonja er iskald og set inn 1-1.

Dei siste 15 min av 1. omgang er AHIL overlegne i alt på bana. Vi har fleire gode sjansar, den støreste av dei er når keeperen deira er på ørliten bærtur og sender ballen rett til Talina som løfter ballen mot mål. Keeperen rekk akkurat tilbake å få flippa den over tverrleggaren. Sonja får og frispark rett utanfor straffefeltet til Eid, som tek sjølv. Her er Eid-keeperen god og reddar. 1-1 til pause, men denne omgangen kjentes ut som AHIL-siger!

Andre omgang er ikkje spelt eit minutt før Eid utnyttar at vi ikkje er påskrudd, og via Dæmring på ving, 1-2. Blutung start på kampen. Jentene held fram med med knallhard jobbing og sideforskyving, og er virkelig tro mot den kampplanen vi har.  Vi kjem meir og meir inn i kampen, men eit kvarter uti omgangen skyt Vedeld, ballen går via via og set ut Anna, og dermed 1-3. Dette tok lufta ut av oss dessverre, og Eid tar meir over spelet. I 55 mutt skyt Ahmed mot mål, som også forandrar retning mot mål og 1-4. Game over!

Dei siste 15 minutt av kampen tek vi over spelet igjen og har fleire store sjansar mot Eid-målet som anten går rett utanfor eller som keeper redda.

Alt i alt er vi veldig nøgd med dagens innsats! Det var ein veldig lærerik kamp å spele, og jentene får topscore i innsats og vilje! Det var ikkje mykje om å gjere at det kunne blitt poengdeling i Askvoll denne søndagen.