Grunna eksamen, skader og andre grubbar reiste vi inn med kun 12 spelarar (!) til dagens kamp.

Det var tøft frå første stund av og vi blei tvunget lavt, og vart liggande å forsvare oss. David gjorde ein kjempekamp i mål og hadde ikkje han vore så påskrudd som han var, så hadde det vore fleire baklengs. 

Førde leda 1-0 til det var spelt omlag 20 minutt, men så opna krana og det stod 6-0 når dommaren blas til pause.

Vi blei samde om å nullstille i pausen og prøve halde ballen i laget når vi fekk den, noko Elias, Hedda og Sirin var gode på. Faradja jobba utrøytteleg på topp. I andre omgang hadde Joakim to gode sjansar, eit på frispark som strauk stolpen og eit god har med rå styrke og fart kom seg forbi oppassaren og fekk avslutta.

Vi tapte mot ei fysisk sterkt og samspelt lag og var ikkje i nærleiken i denne kampen.