G17 møtte torsdag kveld Jølster til heimekamp. Vi er heldige som kan låne den flotte bana til Atløy IL kor vi fortsatt har til gode å tape. Etter to uavgjorte kampar så langt i sesongen var gutane klare på at i dag ville dei ha tre poeng.

Jølster mønstra som alltid eit godt lag og starta kampen best utan å skape store sjansar. Etterkvart kom vi meir og meir med og skapte ein del store sjansar, men ein god keeper i Jølstermålet avverga alt inntil Sander blei spelt fri og satte 1-0 sikkert i mål.

2. omgang fortsatte med eit visst AHIL press. Ein del sjansar blei det begge vegar, men det andre målet kom heldigvis rette vegen då Sivert blei spelt fri på venstrekanten. Han satte ballen sikkert i mål og kampen ebba ut med ein fortjent 2-0 siger.

Takk til Atløy for lånet av bana, Egil som nok ein gang stiller opp som dommar og dei 5 smågutane som alle er med og spelar ein kjempekamp!!

Heia AHIL!