Tidleg onsdag morgon satte Åge seg i bilen og tok fatt på dei 33 mila fra Molde og Askvoll.

Etter å ha hatt seg ein liten kvil på Askvoll Fjordhotell, starta han på første bolk på opphaldet. Til omlag 40 inviterte trenarar, lagleiarar og sponsorar delte han frå si breide leiarerfaring om korleis spele kvarandre gode, korleis kommunisere og korleis oppnå resultat. Han poengterte viktigheita av breiddeidrett og løfta fram all dugnadsarbeidet som blei lagt ned i ein breiddeklubb.

Presentasjonen var bygd på ein presentasjon han tidlegere holdt for det Danske fotballforbund, men som var tilpassa AHIL-fotball.

Proresult var ein av mange frammøtte sponsorar.

NFF og SFFK hadde bedt Hareide om å dele ut nokre prisar til AHIL basert på resultata i 2021, så då presentasjonen var over etter 90 minutter, så delte han ut 2 fotballtennissett fra SFFK som premie for kretsens beste Tine Fotballskule 2021. Vidare delte han ut 40 fotballar fra NFF som premie for at AHIL fotball arrangerte årets beste Tine Fotballskule i Norge 2021. Diverre kunne ikkje Eline Vårdal være tilstades for å ta i mot dette. Fra UEFA Grassroot Progamme via NFF, så delte han ut 50 fotballar og 10 futsalballar til sportsleg leiar Dan Ørjan som bevis på gode inititativ og tilrettelegging i breidda. Vidare hadde SFFK sendt ut 2 stk pop-up mål som Andreas Haug fekk ta med seg til Kvammen IL for å være med stimulere til auka aktivitet i Kvammen.

Før Hareide tok kveld reiste han oppom G13 si trening ved Skuleidrettsplassen og lot seg begeistre over innsatsen og kvaliteten på treninga. "Her har de nokre ordentleg gode spelarar" sa han når han gikk til bilen att.

Dag to starta med eit besøk på Helle Fabrikker. Der blei han tatt i mot av Dagleg leiar Svein-Erik Bøthun Helle og tidlegare leiar Torodd Helle. Når kaffekoppane var tomme og historien til Helle Fabrikker var fortalt, blei Hareide synt gjennom Fabrikken og blei godt informert i det som var å vite om lær, trevirke og stål. Her kom revisorenen i Åge til sin rett, og det var mange gode diskusjonar dei tre i mellom.

Etter gode 90 min hjå Helle Fabrikker, så var det til for lunch. Nydelig mat frå Askvoll Fjordhotell blei levert til Holmedal Næringshage, saman med Holmedal Elektriske, Havtal og Helle Fabrikker. Her var det ein uformell samtale kor det blei diskutert løst og fast, og servert mange gode historier fra då Hareide spelte proff i England. 

Då lunchen var ferdig gjenstod eit lite besøk hjå Oddbjørn Aalen for å få litt påfyll fra den lokale fotballhistorien. Hareide trakk seg tilbake i 14 tida for å planlegge kanskje det som for mange var toppen av kransekaka ved dette klubbesøket, nemleg å ha treninga med J15 på kvelden.

Ved 17 tida kom Sporten Dale saman med Scantrade for å rigge seg opp til klubbkveld i forbindelse med miniputtrening og J15 trening. 

Her var det mange innom for å prøve og bestille klede. Vi er heldige som har eit slikt godt samarbeid med Erik Dale og Sport Dale.

På miniputtreninga var det mange som blei store i auga då dei såg at Åge Hareide kom spaserande mellom dei. 

Nokre unge freista lukka og spurte om han til råds, eller berre for å slå av ein prat.

Når Øyvind og Thomas kom, trakk dei seg tilbake for å gå gjennom treninga med J15. Samstundes kom TV2 for å lage ein reportasje om dette. Det vandte trenarteamet til J15 fekk klare innstrukser om korleis treninga skulle være, og saman med foreldrehjelp satte dei opp øvingane etter innstruksene frå Hareide.

KL 1900 byrja J15 treninga, og det stilte 2 keepere og 18 utespelarar. Hovudlaget var J15, men dei faste hospitantene frå J17 og J13 var óg med.

Her hadde han fokus på basisferdigheter og det å ha ballen i spel heile tida. Jentene var verkeleg tilstades og vi fekk sjå dei frå deira beste side! 

Jentene fekk gode øvingar, personlige tilbakemeldingar frå Åge og han samla dei fleire gongar gjennom treninga og hadde gode innlegg med fokus på viktigheten av at alle skal være med og kameratskap.

På slutten av treninga var det spel på 9ar bane, og når laga ikkje klarte gjere opp undervegs i kampen, gikk det til straffesparkkonkurranse.

Når klokka nærma seg 21.00 var det mange kalde jenter, foreldre og trenarar som reiste fornøgde heim. Sistemann i bilen etter å ha vore med rydda på plass etter trening, var Åge, godt nøgd med dagens trening.

Kvart på 10 siste dag reiste Hareide og TV2 til Helle Fabrikker igjen for å gjennomføre eit intervju i lokala til Helle Fabrikker. Supert å kunne trekke innandørs når værgudane ikkje spelar på lag.

Etter omlag 30-40 minutter og nokre kaffekoppar hadde Hareide og Frank Ask avtalt eit besøk til 8. klasse. Når klokka var 12.15 stod elevane ved pultane sine og tok i mot Hareide.

Medan Hareide fortalte om viktigheten av lærdom, aktivitet, søvn, respekt og kameratskap så hadde han 100% oppmerksomhet fra elevane. Han varierte på ein flott måte mellom alvor og humørfylte historier, og til slutt fekk elevane og lærarar stille han spørsmål.

Heilt avsluttningsvis på klubbesøket, var det foredrag i Askvoll Samfunnshus. Richard Herland hadde gjort ein fantastisk jobb i forkant for å sikre at lyd og lys var tipp topp. Hareide hadde lovd barnebarnet sitt å returnere til ein turn-forestilling ho skulle ha på laurdagen, så han var nøydd til å reise frå Askvoll 1915 for å rekke dette.

Etter ein kjapp introduksjon var Hareide klar til å starte fortellinga kl 18, og når klokka var 19 var han ferdig med ei inspirerande og humørfylt fortelling frå karriera hans, alt frå korleis dei sneik seg inn i eit not-lager for å trene til korleis det var å ankomme Russland med Danmark til VM-2018.

Før Hareide kom til Askvoll, så hadde han lest seg opp litt om dette. Han hadde også sett TV2 reportasjen om Mathea og den lange reisevegen til trening. Sjølv har han hatt lang reisevek til trening, men no har han måtte sett seg slått av Mathea og resten av ungdommane frå Bulandet. Frå SFFK hadde han med 2 pop-up mål til Bulandet IL også som ho fekk ta med seg utigjen. I januar 2021 var det 1 spelar frå øyene heilt vest, medan no tel dei 10 stk. 

Det tok nokre minutt frå han gjekk av scena til han klarte komme seg i bilen, men han tok seg tid til samtlige som ville ha bilde saman med han, eller signaturen hans.

Før han drog la han igjen ein signert sjølvbiografi til Richard Herland for den flotte servicen han yte ovan for fotballen på så kort varsel.

 

Vi har hatt besøk av ein utrulig flott og folkelig kar, som har gitt AHIL-fotball utrulig mykje desse dagane. Både unge og vaksne har satt pris besøket.

Han fekk med seg blomer til kona hans for at vi fekk låne han desse dagane, samt eit gåvekort på Værlandet Havhotell. Vi håpar vi ser han igjen!