Etter ein godt gjennomført kamp mot Sogndal var vi klar til å ta imot Førde i ettermiddagssola I Askvoll.

Førde, som til no kun har tapt mot Eid, er eit godt lag som vi kjenner godt og er klar over kvalitetene deira.

Denne kampen var prega av mykje spel på midten, og vi sleit med å komme til nokre ordentlige sjansar. Vi spelte veldig godt i forsvar, så det gav Førde utfordringar foran målet vårt også.

Omlag halvvegs spelt førsteomgang er vi uheldig og handsar i eige felt, og Vilde har ikkje anna valg å dømme straffe. Førde sin nummer 4 er sikker, og 0-1 til Førde. Dette står seg til pause.

Andre omgang er lik første omgang, diverre slepp vi til Førde sin nr 4 ein gong til, som får bruke slegga si og dermed 0-2.

Ein bra gjennomført kamp av oss, men må opp nokre knepp når det gjeld duellspel. Hardt duellspel er ikkje noko som forbeholdt motstandarlaget.

Takk for kampen, Førde, og takk til Vilde som dømte ein veldig god kamp!