I kveld tok G17 laget vårt imot den suverene serieleiaren Førde 1 på Skuleidrettsplassen. Vi mønstra ein heiltent gjeng som var sugen på revansj etter eit 0-5 tap i Førde for nokre veker sidan.

AHIL tok kjapt føringa i kampen og pressa Førde frå start. Etter ca 7 minutt fekk Viktor klokketreff og gutane våre gjekk opp til 1-0. No fekk vi trua på poeng og ikkje lenge etter var det Sander som fekk klokketreff, 2-0. Førde virka prega av den gode starten vår og gjorde ein del feil. Før pause fekk Sander sjansen igjen og satte ballen sikkert i mål til 3-0.

I pausen var vi klar på at kampen var langt frå over og at Førde kom til å vere «eit anna lag» i 2. omgang. Dette var heilt tydeleg. Dei tok over initiativet, medan vi sleit med for store avstandar mellom lagdelane våre. Det varte ikkje lenge før reduseringa kom, først 3-1, så 3-2. Vi fekk justert presset vårt litt, noko som ga resultat og Førde slapp ikkje så lett til. Likevel hadde dei eit klart overtak og fekk pressa oss såpass tilbake at til slutt kom utlikninga til 3-3.

Etter dette kom vi oss litt høgare i bana. Førde hadde nokre sjansar på slutten, men vi haldt unna. Kampen enda 3-3, men det var ein skuffa AHIL gjeng som gjekk i garderoben.

Eit nytt steg i riktig retning for denne gjengen. Førde har eit veldig godt lag, så dette er absolutt eit bra resultat.

Takk til Magne, Synne og Ina som stiller opp som dommarer! Nok ein gang stiller fleire av smågutane opp når vi treng hjelp, ei stor takk til dei og!

Heia AHIL!