Vi fekk kjapt kampen inn i vårt spor, og det tok ikkje lange tida før Talina setter ballen i mål bak ein forfjamsa heimekeeper, 0-1.

Breimsbygda lot seg ikkje skremme og etter få minutt krigar dei inn utligning. Ved hjelp av god coaching frå Ørjan på sida samt den gode innstillinga til jentene, så gønner dei på; auka farten på spelet, krafta i duellane, kvaliteten på spelet og med meir humør. Emina får seg nok eit flott mål mot Breimsbygda. Berre sekundar etter ho entra bana dribla ho seg lekent gjennom og sender avgårde ei kanon frå veldig skrå vinkel, dette var ein kjempe solo-prestasjon! Så får vi sjå Talina-show kor ho scorer to mål til og dermed hattrick i første omgang. 1-4 til pause.

Breimsbygda bruker pausen godt, for det var eit heilt anna lag som kom innpå etter pause. Likevel hadde AHIL-krigarane god kontroll, og mot slutten av kampen tenker Amelia at nok er nok, og set inn 1-5. 

Undervegs i kampen var Jenny svært nære å score, men lukkast diverre ikkje idag. Men at ho var gira på å score mål idag var heilt sikkert.

Alvina avslutta på topp i dag og kom, etter eit nydelig framspel frå Amelia, aleine med keeper men dessverre fekk ho ikkje eit fortjent mål.

Det blei til saman sprunge mange kilometer idag, og jentene var mentalt tilstades! Forsvaret vårt spele kjempegodt, og heilt bakerst står vår levande vegg, Anna, som gjer livet surt for motstandarane kamp etter kamp.

Dette var kamp 1 av 4 på 10 dagar for jentene! På mandag ventar Gaular på bortebane.