AHIL byrja kampen godt og det blei raskt spelt mot eit mål.

Vi hadde ballen langs bakken og spelte oss gjennom Gaularlaget og hadde utallige avslutninger mot mål, men det blei dessverre kun uttelling for Amelia rett før pause, 0-1.

Andre omgang byrja som første slutta, vi var tolmodige og spelte spelet vårt og kom oss til sjansar. Etter 51 min det Sonja ballen sikkert i mål etter nydelig lagsspel av dei grøne, no må sigeren være i boks!

Men Gaular gir aldri opp og scorar i 65 og 69 minutt. 2-2 då dommaren bles for fulltid i solsteiken etter 70 min.

All honnør til Gaular for å ikkje gje seg før kampen er slutt. Poengdeling i denne kampen kjennes som eit tap, men vi tek med oss vidare alt det positive frå kampen og dvele ikkje meir ved denne kampen.

På fredag ventar Loen på bortebane for 7ar laget før Førde3 kjem til Askvoll for møte 9ar laget på mandag til siste kan for vårsesongen.

Sogndal tok tabelltoppen etter 0-2 borte mot Eid, og har vunnet og scora i alle kampar bortsett frå mot AHILjentene kor det blei 0-0. Det er ein spanande serie med mange gode lag.